fredag 21. august 2015

Våre kandidater - Harald Helø

Navn  : Harald Johan Helø 
Alder  : 52
Yrke   : System-utviklar ved Brønnøysundregistra


Hjertesaker: 
Utvikling av samferdsel og kommunikasjon, både lokalt og mellom oss og dei nærmaste byane her på Helgeland. Spesielt mellom Brønnøysund og Sandnessjøen er det sterkt behov for vidareutvikling.

Betre vilkår for kulturen i form av moderne lokale som legg til rette for at ikkje berre lokale utøvarar men også fleire på nasjonalt nivå kan komme hit å gi oss inspirasjon og nye erfaringar.  


Gjennom Kor i Øyan så kjenner eg det lokale kulturlivet ganske godt. Eg har mellom anna vore med å rigge for Nordland Teater fleire gonger. Gjennom den erfaringa så kan eg berre konkludere med at vi sårt treng nye lokale her i byen.

Beste kulturelle minne:
Paul McCartney sin konsert i Oslo i sommar var berre heilt fantastisk. Har også vore på fleire andre konsertar i hovudstaden, men dette vil ta for mykje plass dersom eg skulle nemne alt her.

Lokalt så har Rootsfestivalen gitt meg mange gode minnner. I år var det Roger Hogdson (Supertramp)og Ian Anderson (Jethro Tull) som var på topp. 

Dei som står bak dette arrangementet gjer verkeleg ein fabelaktig jobb for lokalsamfunnet vårt!

Liker å gjøre på fritiden: 
Eg likar å lese, både skjønnlitteratur og sakprosa. Elles så held eg meg oppdatert på mitt eige fagfelt. Spesielt historie interesserer meg mykje.

Hvorfor tror du Høyre er best egnet til å styre Brønnøy kommune:

Vi står for ein fornuftig økomomisk politikk. Vi går inn for samarbeid mellom det private næringsliv og det offentlege der det kan late seg gjere og får dermed ei fordeling av utgiftene.